Minneforestilling Minneblogg Forskning Prosjektet Folk i prosjektet Siste nytt Bruksanvisning
To små historier om mora mi på Slagenheten
Minne fra Rolv Nøtvik Jakobsen (2010-09-01)

Heisen var smal og hadde opning på begge sider. Av og til kom det store senger inn, då måtte dei som var i heisen gå ut. Barna synst det var litt fascinerande. Men elles hadde dei ikkje lyst til å bli med på sjukehuset og ta heisen opp til Slagenheten. Slik vi kom til å gjere det med nokre års mellomrom.
Første gongen var i 1995, trur eg. Mor mi fekk slag og vart lam i heile sida og hadde vanskeleg for å prate. Etter at ho kom til sjukehuset, vart ho fort friskare og etter at ho kom ut og heim, skriv ho eit lite stykke i Adresseavisen. Overskrifta var henta frå ein song av Jan Eggum: Kor e alle heltar hen? Og mor mi sitt svar på dette spørsmålet i lesarinnlegget var presist: Heltane arbeider på Slagenheten, Høyblokka, Regionssykehuset.
Seinare, fleire år seinare, fekk ho eit nytt slag. Denne gongen gikk det ikkje så bra. Då eg var på besøk og ho låg i koma, tenkte eg at det kunne vel ikkje gjere noko skade om eg las frå Salmanes bok når eg først satt der ved senga. Etterkvart som eg las, fann eg ut at svært mange av salmane ikkje var særleg hyggelege. Det var mykje knusing av knoklar og umotivert vald der. Derfor avslutta eg prosjektet om å lese gjennom alle og las heller nokre utvalde salmar om og om igjen. Særleg hugsar eg at salme 131 fekk ny meining i alle høve for meg. Det er den salmen som lyd sånn:
Herre, mitt hjerte er ikke hovmodig,
mine øyne er ikke stolte.
Jeg gir meg ikke av med slikt
som er for stort og underfullt for meg.
2 Nei, jeg har brakt min sjel til ro
og gjort den ganske stille,
som et lite barn hos sin mor
når det har stilt sin tørst;
slik er min sjel i meg.

Før vi reiste på ferie, song barna alle godnatt-songane dei kunne til farmora si før dei drog: ”Kjære Gud, jeg har det godt” og ”Jeg folder mine hender små”. Heile familien drog til Danmark. Eg gikk med ein lånt mobiltelefon i beltet sånn at eg kunne vite det om mor mi vart dårlegare. Mobiltelefonen datt i do og vart taus. Like taus som mora mi hadde vore altfor lenge no. Ho vart dårlegare og eg drog opp til Trondheim. Då ho døydde, heldt tre av oss rundt ho og las saman salme 23. Etterpå vart det stille og folk på Slagenheten stelte henne og tente eit kvitt lys på nattbordet. Vi kunne sitte på rommet så lenge vi ville og pleiarane kom også innom og satt der. Eg hadde kjøpt ein cd med Haydn sin strykekvartett over Jesus sju ord på korset, som vi spelte på cd-spelaren. No er det ikkje der lenger, det rommet som mor mi døydde i.



hoyblokka@hoyblokka.no