Høyblokka Post-Mortem
Minneforestilling Minneblogg Forskning Prosjektet Folk i prosjektet Siste nytt Bruksanvisning
Sykkelvelt
Minne fra Arvid (2010-09-20)

Hadde ikkje store farten, nærmast ingen, men eg hadde bytt bremseklossar dagen før. Sidan eg trilla dei første metrane på venstre side av vegen, hogg eg til og steila på framhjulet då skyggen av bilen kom rundt hekken. Sykkelen gjekk opp mens eg begynte nedturen.... I sakte kino traff eg øverste laget i asfalten, og reiv av eit raust flak av skalpen. Seinare viste det seg at den nærmast dekka øyra på motsatt side når dei vrengte det lause over dit.

Møtet med det neste asfaltlaget knekte 5. virvel i nakken, og det tredje laget knuste fleire framtenner. Då eg traff det nederste laget i asfalten, krakkelerte brystkassen. At det går an! - har eg tenkt mang ein gong sidan.

Kroppen hang fortsatt i hop, men eg blei liggande som ei fille til Dag kom springande: Eg kjenner avlidne! Fullt så gale var det ikkje på det tidspunktet, så då eg vakna av svima, fekk han beskjed om ikkje å fortelja heime om ulukka før eg kunne fortelja meir om kor alvorleg det var. Barbo var i selskap og eg ville i alle fall ikkje øydeleggja det. Eg tru han holdt den lovnaden?

Sykebilen kom etter kvart, og eg blei liggande i korridoren til neste dag utan at dei rørte meg. Så blei fotografert og hovudet blei lappa, mens eg enno låg i 1. etasje på RIT, og krøllane la seg rimeleg fint tilbake. Eg blei trilla opp på kirurgisk i 5. etg, men fortsatt ikkje rørt.

Eg hadde vore på veg til trening på Skansen og var kledd i hettegenser. Ulykka hadde gjort både øyrer og gensar blodige, men dei verken vaska øyrene eller kledde av meg den gensaren. Ikkje den dagen, og heller ikkje dei neste. Barbro tok godt vare på meg med smugla cognac og godt selskap, og romkameratane var særs triveleg folk frå Nord-Trøndelag. Lova å besøka dei, men det skjer med meg som truleg med mange andre RIT-gjester, sånne kontaktar er tilfeldige og lovnader blir dessverre gløymt.

Brystkassen grodde til att, krøllane dekka til det verste av arret, eg fekk nye tenner for nokre kilo pengar. Eg gjekk på nakkekontroll i tre år med bilder frå St. Elisabeth, ein RIT-avdeling på Ila, men dei fann aldri resten av den halve nakkevirvelen eg mangla. Eg har ikkje leita, og eg gløymde å sjå nøye etter då eg etter ei vekes tid endeleg tok av meg hettegensaren, men ellers kan den kanskje til og med liggja på kirurgisk i 5.?

1 kommentar(er):
Ups!
Skrevet av Lars Rønning (2010-09-21)

Uff da Rossert! Husker jeg kødda mye med det i ettertid, Julegaven din bl.a... sykkelvest og lys. Fikk nesten litt dårlig samvittighet her....=)



hoyblokka@hoyblokka.no